Det er ofte miljøforvaltinga som er vår oppdragsgjevar. Vår oppgåve er å utarbeide skjøtselsplanar for verdifulle kulturmarkslokalitetar i samråd med grunneigar. Planane gjev grunnlag for tilskott frå ordningar som SMIL (spesielle miljøtiltak i landbruket, ved Landbruksdirektoratet) og Truga naturtypar (ved Miljødirektoratet).
Har du tips om aktuelle lokalitetar, f.eks. gamal type artsrike slåtteenger eller område med gamle styvingstre, kan du gjerne kontakte oss. Me kan gi råd om korleis dei bør skjøttast, og kvar det er mogleg å søke om tilskott. Dette gjeld både dei som kjem inn under aktivt landbruk (dvs. som kan søke produksjonstilskott) og dei som fell utanom.
For lett tilgjengeleg informasjon om slåttemark og haustingsskog (styvingstre m.m.) kan me tilrå deg å laste ned det nyaste rettleiingsmateriellet frå Miljødirektoraret. I desse er det også lista opp ei rekke andre aktuelle publikasjonar: