Me har vore med og utarbeidd med rettleiingsmateriell og planmalar for Miljødirektoraret, og har god kjennskap til korleis ein skjøtselsplan skal utformast og korleis prosessen rundt den skal vera. For oss er dialogen med grunneigar og/eller brukar noko av det viktigaste å få på plass i samband med denne type planarbeid. Me har også kompetanse på kartlegging etter NiN-metoden (Natur i Noreg).
Døme på arbeid me har levert:
– Skjøtselsplanar for slåttemark i Telemark. For Fylkesmannen i Telemark, Miljøvernavdelinga (80 stk. i perioden 2009-2018).
– Skjøtselsplanar for haustingsskog/lokalitetarmed styvingstre. For Fylkesmannen i Telemark, Miljøvernavdelinga (30 stk. i perioden 2009-2018).
– Skjøtselsplanar for stølsområde i Brattefjell-Vindeggen. For Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde (2012-2013).
– Kartlegging av beiteressursar i skjergarden utanfor Nøtterøy og Tjøme. For Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelinga (2011-2018).
– Skjøtselsplan for naturbeite på Jomfruland. For Fylkesmannen i Telemark, Miljøvernavdelinga (2018).
– Tilstandsvurdering av Hjartdal og Svartdal som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. For Miljødirektoratet (2016).
– Forvaltingsplan for Hjartdal og Svartdal som utvald kulturlandskap. For Seljord og Hjartdal kommunar og Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga (2018).
– Rettleiar for skjøtsel og restaurering av slåttemark. For Miljødirektoratet (2018),
samarbeid med NIBIO og Høgskulen på Vestlandet (medansvar).
– Rettleiar for skjøtsel og restaurering av haustingsskog. For Miljødirektoratet (2018),
samarbeid med NIBIO og Høgskulen på Vestlandet (hovudansvar).