Våre formidlingstilbod
- Kurs/temadagar
- Undervisingsopplegg/Foredrag/Natur- og kulturprogram for skuleklasser og alle interesserte! Me kan koma til dykk, eller de kan koma til oss. Kjem de til oss, kan de velje mellom foredrag, utstilling og guiding – eller ein kombinasjon. Me skreddarsyr program for ulike grupper.
- Me har utstilling og foredragsrom på Gamleskulen/Kulturlandskapsskulen (Rogrendvegen 13) og møterom på Holm landhandel (Holmsvegen 102), der det også er kunst, informasjon og sal av ymse produkt knytt til kulturlandskapet i nærleiken. Begge desse bygningane ligg like ved Hjartdal kyrkje. I same området finn de også Hjartdal bygdemylle, med eiga utstilling og eit flott tilrettelagt uteområde ved Egderudfossen. Her er mykje å oppleve innafor gåavstand! Parkering ved kyrkja eller ved barnehagen/Gamleskulen.
- NB: Utstillingsdelen er tilgjengeleg både med og utan omvising.
Me tek på oss foredrag, kulturprogram og omvisingar i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. Det kan vera med utgangspunkt i området rundt Kulturlandskapsskulen/Holm/Bygdemylla, eller andre utvalde lokalitetar. Ingvill Buen Garnås brukar sin bakgrunn både som naturforvaltar og kvedar (folkesongar) i formidlinga si. Du får høyre om artsrike slåtteenger og naturbeitemarkar, frodige styvingstre og kulturarv knytt til bygningar og spor i landskapet. Historia i «det gamle kulturlandskapet» blir naturleg kopla saman med dei framtidsretta verdiane desse landskapa ber på. Det heile krydrar Ingvill gjerne med folkemusikk- og forteljartradisjon frå området. Etter ein time eller to vil du sjå bygder og landskap med nye auge!
Utstillinga på Kulturlandskapsskulen har offisiell opning under Slåttefestivalen laurdagen 11. juni. Den vil etter dette vera open fredagar og laurdagar gjennom sommarsesongen 2022, til same tider som turistinfoen og butikken på Holm landhandel. Elles grupper etter avtale. Utstillinga er gratis for alle under 18 år. Alle over 18 år betaler 100 kr, og kan da nytte billetten ut året! Vipps: 749661. Merk Vippsoverføringa med Billett. Ta kontakt med Ingvill på tlf. 97187758 for tilgang/nykkel utanfor opningstidene.
Me har til dagleg kontor i eit kontorfelleskap med mange andre verksemder på Bygdesentralen nede ved fylkesvegen (Hjartdalsvegen 760).