Generalforsamling 2020
Måndag 22. juni kl. 19.00 på Teleros* i Hjartdal
*Holmsvegen 220 (ca. 2 km vest for Hjartdal kyrkje, skilt ved avkøyring)
Program og status: Som ei innleiing til det formelle årsmøtet har dagleg leiar ein liten presentasjon av aktivitetar ved senteret i 2019, samt oppdrag og planar framover. I 2019 fekk me eit delvis pårekna underskot, dette som fylgje av utviding av verksemda og oppgradering av utstyr. Diverre ser no også 2020 ut til å bli eit vanskeleg år for senteret. Dei fleste planlagde formidlingstiltak er avlyst og Miljødirektoratet har skore hardt ned på tilsegna både til infotiltak og planarbeid. På kartleggingssida tek det også tid å bygge seg opp. Me ynskjer innspel frå aksjeeigarane i etterkant av dei formelle sakene, til drifta generelt og kva ein tenker kring det å få på plass eit fysisk kulturlandskapssenter på sikt (sjå eige vedlegg). Me tek sikte på å avslutte møtet seinast kl. 21.30.
NB: Me treng påmelding til GF i år slik at me kan sjå til at me overheld smittevernreglane i samband med pandemien. Ring/send sms. til 97187758 eller e-post til post@kulturlandskapssenteret.no innan 15. juni om du har tenkt å koma. Kan du ikkje møte, men ynskjer å koma med synspunkt til sak 5 likevel, kan du gjerne ta kontakt med dagleg leiar før møtet. Takknemleg for alle innspel!
Vedlegg: