Utstyr til utleige og tips om handlaga ljåar (både orv og blad)
Sjå liste under. Ring. 97187758 (i god tid) for nerare avtale om henting og levering.
Prisane føreset at utstyret blir levert attende i same stand som når det blei henta. T.d. må sundslegne knivar bytast ut. Drivstoff, olje og ev. ekstra tråd må leigetakar sjølv ordne med.
Utstyret er kosta av Miljødirektoratet, og er i fyrste omgang forbeholdt dei som har skjøtselsplanar for gamal type kulturmark i nærområdet (slåtteenger, område med styvingstre), men det er mogleg å spørje for andre også.
Utstyrsliste/Prisar
Tohjuls slåmaskin (1stk)
• Dagsleige 500 kr inkl. mva
• To døgn 750 kr inkl. mva
• Tre døgn 1125 kr inkl. mva
dvs. at ved fleire døgn er prisen 375 kr per døgn inkl. mva
NB: Pga problem med vedlikehald ser me oss ikkje i stand til å leige ut slåmaskina lenger. Etterspurnaden har vore liten, og utgiftene store. Den er difor inntil vidare berre til eige bruk, i samband med slåttekurs o.a.
Ryddesag med krattblad⁄tråd (2 stk) per stk:
• Dagsleige 375 kr inkl. mva
• To døgn 500 kr inkl. mva
• Tre døgn 750 kr inkl. mva
dvs. at ved fleire døgn er prisen 250 kr per døgn inkl. mva
Lita motorsag (batteri)
• Dagsleige 250 kr inkl. mva
• To døgn 375 kr inkl. mva
• Tre døgn 562,50 kr inkl. mva
dvs. ved fleire døgn er prisen 187,50 kr per døgn inkl. mva
Stongsag (teleskopsag, batteri)
• Dagsleige 375 kr inkl. mva
• To døgn 500 kr inkl. mva
• Tre døgn 750 kr inkl. mva
dvs. at ved fleire døgn er prisen 250 kr per døgn inkl. mva
NB. Alle prisane er inklusiv 25 % meirverdiavgift (moms).
Ein ljå, fleire ljear…
Me har også nokre ljear til utleige⁄utlån etter nerare avtale. Både langorv og stuttorv (laga av Torbjørn Haugen i Hjartdal), med handsmidde blad (laga av Gaute Midtbøen i Tinn). Fine saker, som me er litt redde for, men me låner dei gjerne ut i dei rette samanhengane.
Handlaga orv og smidde ljåblad!
Torbjørn Haugen i Hjartdal lagar orv etter gamle modellar frå Hjartdal. www.haugensnikkarverkstad.no
Tlf. 95931717
Gaute Midtbøen i Tessungdalen smir ljåblad i god Tinn–tradisjon.
Tlf. 41562033
Me hadde for nokre år attende eit samarbeid med desse to, der me samanfatta noko av kunnskapen og lokale tradisjonar for materialval og utforming av ljåorv. Dette har me samanfatta i ein liten faldar, last ned her: