Foto over: *Stølen Nord-Trandem i Hjartdalsfjella. *Turfylgje ved gjerdeklyvar på Ambjørndalsstigen.
AMBJØRNDALSSTIGEN
Ambjørndalsstigen blei rydda og merka i 2013–2014. Det er sett opp i alt 12 informasjonsstavler om lokalhistorie og kulturlandskap langs den 6 km lange rundløypa med start i Togrenda. Denne stigen har ein eigen faldar, som du kan laste ned her (klikk på tittelen under);
GULLSTIGEN
Rundt 2000 blei stigen på åsen mellom Hjartdal Nordbygd og Svartdal merka. Den har seinare fått namnet Gullstigen, då den ligg i terrenget rundt gullgruva på Blika. Stigen er del av eit større stignett i Hjartdal, Svartdal og Flatdal merka med raude «kikkeholsstolpar». Sjølve Gullstigen går mellom Bøllås på Hjartdalssida og Blika på Svartdalssida. På Hjartdalssida går stigen rett forbi Valufsnuten, eit flott utsiktspunkt på eggen ut mot den djupe Ambjørndalen. Herifrå er det eit flott utsyn utover dalføret, Mælefjell og Skorve. Både Bøllås og Blika har rike førekomstar av systermarihand og stigen er såleis særleg fin å gå når denne blømer (mai). På Hjartdalssida kan ein velje ulike vegar opp eller ned frå Bøllås. Parkering ved kyrkja, eller etter nærare avtale med samdriftsfjøset på Teleros på Holmsvegen 220 (tlf. 90186234). På Svartdalssida er Telespinn nedst i Blikavegen eit naturleg startpunkt, parkering etter nærare avtale med dei (tlf. 35709400). Kristin Terkelsen laga ein faldar om Gullstigen i samband med ei studentoppgåve i 2001. Denne kan du laste ned her, klikk på tittelen under.
HJARTDALSFORTELJINGAR
Søker du på #hjartdalsforteljingar får du opp 13 kartfesta forteljingar og eit kart over kvar dei er plassert, alt på www.digitaltmuseum.no.
Forteljingane tek utgangspunkt i kulturlandskap, historie og soger i Hjartdal og omeign. Alle forteljingane er utarbeidde av Kulturlandskapssenteret, under vegleiing av «Kultur– og naturreiseprosjektet» og piloten deira i Telemark. Tiltaket blei støtta av Hjartdal kommune.
Foto over: *Systermarihand, Telemarks gamle fylkesblom, er ein freda orkide knytt til gamal kulturmark. Den har sitt kjerneområde i Hjartdal-Svartdal, og er å sjå langs både Ambjørndalsstigen og Gullstigen i april-mai. * Bondeopprøret i 1540 sette merke etter seg i telemarkingen. Forteljinga om denne hendinga finn du i Hjartdal. Minnesmerket står ved Hjartdal kyrkje. *Skuleklasse på veg gjennom Valufsura, Ambjørndalsstigen.