SOGEVEGEN – DET LEVANDE EVENTYRLANDET!
Sogevegen er vegsløyfa utanom tunellen mellom Hjartdal og Seljord på E134, Mælefjelltunellen. Den fylgjer gamle E134 gjennom bygdene Hjartdal, Svartdal og Flatdal, vegstrekninga har i dag vegnummeret FV3420. Når tunellen kom i 2019, blei gamlevegen lagt til rette for turistar – i særleg grad syklande og andre som vil gi seg tid til å oppleve naturen og kulturen der dei ferdast. Namnet har vegen fått fordi den går gjennom landskap spekka med historie og forteljingar av alle slag:
Det var i dette landskapet telebøndene gjorde opprør mot kongemakta i 1540, ei hending som sette sitt merke i telemarkingen heilt fram til våre dagar! Kjerneområdet Hjartdal og Svartdal er eit nasjonalt utvald kulturlandskap med eit særleg rikt biologisk mangfald knytt til gamal slåttemarksflora og lauvtre som har vore og framleis blir nytta til dyrefôr. Dei kjende landskapsmålarane la sin elsk på naturen og bondekulturen i desse bygdene på 1800- og starten av 1900-talet. Dette er det blitt mykje kunsthistorie av, og det er eit levande kunstarmiljø i bygdene den dag i dag. Sist men ikkje minst finst det i dette området eit vell av gamal forteljartradisjon knytt til landskap og folkeliv. Det er eventyr og segn om tussar og troll og dramatiske soger om presteslekter og slosskjemper. Til forteljingane høyrer det ofte også folketonar.
Folk og vertskap langs Sogevegen
Mange av aktørane er med i Telegardar www.telegardar.no og/eller Mytiske Telemark www.mytisketelemark.no. Under finn du omtale av og lenke til kvar einskild aktør. Berre å plukke frå menyen;
Hjartdal
- Sud-Skeie gardsbutikk: I det sjarmerande raude eldhuset like ved vegen i Gvammen, finn du familien Skeie sin sjølvbetjent gardsbutikk! Alltid open. facebook.com/SudSkeie
- Funnerfellen: På Funner har dei gardsdrift med sau, og lagar fantastisk fine saueskinnsfellar og andre skinnprodukt med gamle lokale trykk. Vertskapet kan også by på historier og song som relaterer seg til produkta og garden. Kontaktperson Brit Merete Funner. telegardar.no/funnerfellen
- Hjartdal fjellstoge: Storhytte på veg opp mot Breivatn, langs Opsalvegen. Utleige til grupper, selskap og arrangement. Flott utsyn til Mælefjell, fine turmål, stigar og skiløyper like i nærleiken. storhytte.no
- Nordbø pensjonat: Triveleg og nyoppussa pensjonat rett ved vegen. Servering, overnatting og liten gåvebutikk. nordbopensjonat.no
- Hjartdal bygdemylle: Dugnadsdriven bygdemylle med eige utstillingshus og tilbod om omvising i og rundt mylla. Området er elles fritt tilgjengeleg for alle som vil oppleve Egderudfossen og stigane rundt elveleiet på eiga hand. Også stig opp til Kønnmagasinet, der det er ei open utstilling om målarkunst frå området m.m. Kontaktperson Olav Tho eller Svein Våle. telegardar.no/hjartdal-bygdemylle eller www.facebook.com/Hjartdal-Bygdemylle
- Holm landhandel: Landhandel og kafé like ved Hjartdal kyrkje, drifta av nettverket Telegardar. Helgeope i sommarsesongen, elles ope ved arrangement og på bestilling. Tek i mot grupper for kultur- og naturprogram i samarbeid med Kulturlandskapssenteret. Lokala er utsmykka med kunst inspirert av kulturlandskapet og kan også leigast til møter. Kontaktperson Ruth Gunlaug Haug. facebook.com/holmlandhandel
- Kulturlandskapssenteret: Tek i mot grupper for omvising og føredrag. Natur- og kulturkunnskap, forteljing og folkesong! Brukar lokala på Holm landhandel og Kulturlandskapsskulen like ved. Utstilling open til same tider som Holm landhandel. Kontaktperson Ingvill Buen Garnås. kulturlandskapssenteret.no
- Nordbø gard og stule: Ein familiedriven gard med mjølkeproduksjon, aktiv seterdrift og sal av gardsmat. Garden ligg i solhellinga ovanfor Hjartdal kyrkje, stølen Bjordal ligg langs Fjellvegen mot Hundemyr. Tek i mot grupper for servering og forteljing om gardsdrifta, om sommaren også demonstrering av ysting og kinning og sal av rjomegraut. hanen.no/bedrift/687 eller www.norskegarder.no/nordbo-gard-and-stule eller www.facebook.com/nordbogard
- Haatveit: Familiedriven tradisjonsrik gard, høgt og fritt oppe i lia, med vidt utsyn over bygda. Leiger ut hytter, jaktutleige, sal av brukskunst, økologisk lam/sauekjøtt, skinn, ull, og honning mm. Økologisk drift. norskegarder.no/haatveit-familiegard eller www.telegardar.no/haatveit eller www.facebook.com/haatveitgaard
- Elverhøi: Gard med to gardstun i frodige og idylliske omgjevnader sentralt i bygda. Deltakar i samdriftsfjøset Teleros, og har i tillegg hest og geiter. Utleige av rom/hus. Vertskapet kan også ordne skreddarsydde opplegg for grupper som ynskjer å oppleva bygda eller fjellet. Er også knytt til Holm landhandel og Teleros. Kontaktperson Ruth Gunlaug Haug. telegardar.no/elverhøi
- Sud-Hovland gjestgjevargard: Gamal gjestegard der du kan leige hytte eller hus til overnatting eller mindre selskap. Flott lokalisering i eit frodig kulturlandskap, med steingardar og gamal landskapsmosaikk på alle kantar. Kontaktperson Gjermund, Anna eller Arne Høgetveit. telegardar.no/su-hovland
- Teleros: Moderne samdriftsfjøs med eige møte- og selskapslokale, der du får flott utsyn over dalen og innsyn ned i fjøset på same tid! Lokalet er til utleige. Drivarane kan også ta på seg å fortelje om moderne landbruksdrift. Kontaktperson Hilde Dahl Hovdejord. telegardar.no/teleros
- Myljom-To: Gardsbruk som tek del i samdriftsfjøset Teleros, men som også har sau og kyr på beite heime på garden. Tilbyr omvising og forteljing om historie i kulturlandskapet, gjerne knytt til den unike lauvingslia med gamle og nye styvingstre i hevd, og det innhaldsrike eldhuset på garden. Kontaktperson Olav Tho. telegardar.no/myljom-to
Svartdal
- Telespinn: Lokalt spinneri og garnbutikk på garden Midt-Svartdal. Telespinn og vertinna på Midt-Svartdal tek også i mot grupper for omvising og føredrag om spinneriet, garden/kulturlandskapet og handverket. telespinn.no
- Lien fjellgard: Flott Telemarkstun med mange gamle hus som er teke i bruk på nye og kreative måtar. Garden er også i drift med eigne beitedyr og flott kulturlandskap kring veggane. Overnatting, servering og skreddarsydde opplegg for grupper på bestilling. lien-fjellgard.no
Flatdal
- Nutheim Gjestgiveri: Tradisjonsrikt familiedrive gjestgiveri med solid forankring både i kunst og bygdetradisjonar. Rett ved vegen, i vegskiljet til Rauland, med majestetisk utsyn utover bygda. Servering, overnatting, kunstutstilling og forteljande vertskap. Kontaktperson Solveig Barstad eller Ellen Grøstad Barstad nutheim.no
- Rørtveit gard: Allsidig driven gard med mjølkekyr, sau og gris. Driv også seterdrift og sel eigne produkt frå garden, tek i mot grupper for gardsbesøk på bestilling. Vertskapet glødar for gardsdrift tufta på det lokale ressursgrunnlaget, og kan fortelje mykje om dette. Kontaktpersonar Gunleik Mæland og Kathrine Kinn. rortveitgard.no
- Uppigard Natadal: Gamal storgard med hus frå 1700-talet. Tek i mot grupper til møte og selskap. Tilbyr skreddarsydde opplegg, gjerne med turar i nærområdet. Vertskapet kan kunsten å formidle; segn og soger blir fletta inn i notida med ein god porsjon humor! Kontaktperson Dag Aanderaa eller Tone Kiste. natadal.no
Foto over: *Telegardar har mange flinke formidlarar. Her Olav Tho på Myljom-To i Hjartdal. Han formidlar landbrukshistorie frå fjellbygdene. * Frå vegen over Gaustaråen mellom Tuddal og Rjukan. Fotoet er frå 1905, teke av Tov Reisjå. Familie i slåtten og Tuddal Turisthotell i bakgrunnen. Ta gjerne denne vegen mellom NiA på Vemork og Kulturlandskapssenteret i Hjartdal. Du vil sjå endringar me kan snakke om når de kjem til oss.