Mælefjelltunellen på E134 er no klar, og vegen gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal (FV3420) er blitt turistveg; Sogevegen om Nutheim!
SOGEVEGEN (Sogevegen om Nutheim)
Sogevegen er ei sløyfe utanom Mælefjelltunellen på E134 mellom Hjartdal og Seljord. Den går langs den gamle E134 gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal og har i dag vegnummeret FV3420. I 2020-2021 er vegen under tilrettelegging for turistar, i særleg grad syklande og andre som vil gi seg tid til å oppleve naturen og kulturen der dei ferdast.
Sogevegen går gjennom eit landskap spekka med soger av alle slag: Det var i dette landskapet telebøndene gjorde opprør mot kongemakta i 1540, ei hending som sette sitt merke i telemarkingen heilt fram til våre dagar. Kjerneområdet Hjartdal og Svartdal er eit nasjonalt utvald kulturlandskap med eit særleg rikt biologisk mangfald knytt til gamal slåttemarksflora og lauvtre som har vore og framleis blir nytta til dyrefôr. Dei kjende landskapsmålarane la sin elsk på naturen og bondekulturen i desse bygdene på 1800- og starten av 1900-talet. Sist men ikkje minst finst det i dette området eit vell av gamal forteljartradisjon knytt til landskap og folkeliv. Det er eventyr og segn om tussar og troll og dramatiske soger om presteslekter og slosskjemper. Til forteljingane høyrer det ofte også folketonar. Mykje av dette kan du framleis få som gjest langs vegen. Vertskap og tilbydarar finn du i Mytiske Telemark og Telegardar:
Status sommar 2020: Mykje er alt på plass med flotte uteområde ved Hjartsjå og Egderudfossen i Hjartdal, eit vidløftig utsynspunkt i Flatdal og skulptur ved Nutheim gjestgiveri og sykkelstigar også utanom hovudvegen. I løpet av året og neste år kjem fleire sogeinspirerte skulpturar, meir skilting og fleire stader å stoppe, kvile og ta inn både natur og kultur – men altså allereie mykje å sjå og oppleve!
Andre tilbod i nærleiken:
• Norsk Industriarbeidermuseum Dei har avdelingar på Notodden (Telemarksgalleriet) og Rjukan (Vemork). Notodden og Rjukan er komne på verdsarvlista med historia om industrieventyret rundt oppfinninga av kunstgjødsel. Ved Kulturlandskapssenteret kan ein få høyre om natur- og kulturarven knytt til tida før kunstgjødsla. Desse historiene utfyller kvarandre særs godt.
Foto over: *Telegardar har mange flinke formidlarar. Her Olav Tho på Myljom-To i Hjartdal. Han formidlar landbrukshistorie frå fjellbygdene. * Frå vegen over Gaustaråen mellom Tuddal og Rjukan. Fotoet er frå 1905, teke av Tov Reisjå. Familie i slåtten og Tuddal Turisthotell i bakgrunnen. Ta gjerne denne vegen mellom NiA på Vemork og Kulturlandskapssenteret i Hjartdal. Du vil sjå endringar me kan snakke om når de kjem til oss.