Foto over: *Stølen Nord-Trandem i Hjartdalsfjella. *Kantsone med ugjødsla eng og systermarihand på Haugsvold i Svartdal. Utsyn sørover mot Flatdal.
Grannebygdene Hjartdal Nordbygd og Svartdal er med i ordninga Utvalde kulturlandskap, eit eksklusivt nasjonalt utval av verdifulle kulturlandskap. Dei to bygdene blei alt under Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap (1994) sett under eitt som eit «større heilskapleg kulturlandskapsområde», sjølv om dei ligg i kvar sin kommune – omsynsvis Hjartdal og Seljord kommunar. Det var dei mange utfyllande biologiske og kulturminnemessige kvalitetane som gjorde at desse to bygdene fekk den spesielle statusen som kulturlandskap av nasjonal verdi.
Mykje av den tradisjonelle småskala landskapsmosaikken er enno intakt, med små teigar og stor variasjon. Det er eit sjeldsynt stort innslag av eldre og artsrike kulturmarktypar som ugjødsla slåtteenger, ulike typar område med styvingstre og naturbeite. I tillegg kjem dei mange kulturminna i form av bygningsarv, røyser, murar, steingardar, gamle driftevegar og andre typar spor etter det før-industrielle landbruket.
Området blei i 2003 nominert til UNESCO sin internasjonale kulturlandskapspris. Den fyrste nasjonale kulturlandskapsprisen blei dela ut i 2007, og gjekk til Hjartdal. Frå 2017 kom Hjartdal Nordbygd og Svartdal også med blant Utvalde kulturlandskap. Frå Telemark var det berre Jomfruland-Stråholmen som kom med i fyrste runde (2009).
Forvaltingsplan for Hjartdal og Svartdal UKL
Det er også verdifulle kulturlandskap som grensar inntil frå begge sider; Gvammen i Hjartdal og Flatdal i Seljord. Sjølv om desse «vengene» ikkje har den same formelle statusen, ser ein desse områda i samanheng lokalt. Hjartdal bygd omfattar både Kyrkjekrinsen (Nordbygda) og Gvammen, og er ei av tre bygder i Hjartdal kommune (Hjartdal, Sauland og Tuddal). Svartdal og Flatdal har også ein del til felles, men det er eit skarpare skilje mellom desse.
Lenger nord i Hjartdal kommune ligg også Bondal, ein sidedal til Tuddal, like under Gaustatoppen. Bondal var det einaste området i Telemark som fekk status som «spesialområde» under den nasjonale registreringa i 1994. Det sjeldsynt heilskaplege og autentiske miljøet av bygningsarv og gamal kulturmark låg til grunn for dette.
Foto over: Sauer på Åbø med utsyn austover mot Libøen i Hjartdal. *Frå lauvingslia på Myljom-To i Hjartdal.