Temakveld om kulturlandskap

Torsdag 20. september kl. 19.00-21.00

Vest-Telemark Museum, Eidsborg

Føredrag, fotopresentasjon og song ved Ingvill Buen Garnås frå Kulturlandskapssenteret i Telemark.  Tema for kvelden er historie, forvalting og skjøtsel av eldre kulturmarkstypar, med vekt på tradisjonell hausting av vinterfôr i lauvskog og ugjødsla slåttemark. Passar for deg som er generelt interessert i natur og kultur, og for deg som er eigar av eldre typar kulturmark.

Enkel servering. Gratis inngang. Velkomen!

Arr: Kulturlandskapssenteret, i samarbeid med Vest-Telemark Museum.

Heieslått ved Toskjær i Tuddal 1905. Foto: Tov Reisjå.