Kurs om lauvtre som fôrressurs – teori og praksis

Laurdag 1. september, Hjartdal Nordbygd

Teoridel på Teleros* kl. 10-12.

Praktisk del på Ambjørndalen kl. 13-16.

*Teleros ligg på Holmsvegen 220, 3690 Hjartdal.

Bruken av lauvtre til fôr og andre føremål har opp gjennom tidene forma landskapet i bygd og fjell. Dette dagskurset inneheld:

• Innføring i historie, fôr- og naturverdiar knytt til «haustingsskog», dvs. lauvtre/lauvskog som blei/blir hausta til vinterfôr eller andre føremål.
• Oppdaterte råd om restaurering og skjøtsel (nytt materiale frå Miljødirektoratet per 2018)
• Info om aktuelle tilskottsordningar.
• Lauving i praksis og prøving av relevant utstyr (lauvhakke, eihandssag, stong-sag m.m.). Om dårleg vêr kortar me inn den praktiske delen

Kurshaldarar: Ingvill Buen Garnås frå Kulturlandskapssenteret,
tradisjonsberar Olav Tho og trepleiar Jan Anders Haugland.

Gratis. Enkel servering i pausa. Ta gjerne med litt niste i tillegg.

NB: Påmelding innan 30. august til tlf. 97187758 eller post@kulturlandskapssenteret.no