Kulturlandskapssenteret formidlar kunnskap om natur- og kulturverdiane i tradisjonelle kulturlandskap.

Målet vårt er å auke den ålmenne kunnskapen om kulturlandskapet si tyding for miljø og berekraft. Me held til i Hjartdal i Telemark, og arbeider i nettverk med lokale og nasjonale organisasjonar og institusjonar. Me driv både med formidlingsaktivitetar og konsulentverksemd, les meir under Verksemd. Til dagleg finn du oss i kontorfellesskapet på Bygdesetralen i Hjartdal. Besøkssenteret vårt er plassert på Holm landhandel og Kulturlandskapsskulen, like ved Hjartdal kyrkje. Me samarbeider med mange lokale aktørar og er eitt av fleire formidlingstilbod langs Sogevegen. Ta gjerne kontakt for spørsmål om natur- og kulturprogram for ulike målgrupper, eller faglege råd om skjøtsel av eldre kulturmarkstypar. Me kjenner både naturbeitemarka, slåtteengene og haustingsskogen/styvingstrea.