Kulturlandskap-motorveg 1-0

Mange tunge miljøorganisasjonar engasjerte seg i konseptvalutgreiinga (KVU) for ny E134. Kulturlandskapet er spart i komande nasjonale transportplan (NTP).

Eitt av framlegga i KVUen for ny E134 Gvammen-Vågslid var firefelts motorveg i ein ny «korridor nord» gjennom Hjartdal bygd og vestover Åmotsdal, Øyfjell og Våmartveit til Grungebru. Heile KVUen kan ein laste ned frå Statens vegvesen sine nettsider;

http://www.vegvesen.no/Europaveg/e134telemark

Hovudinnhaldet i komande NTP er no gjort kjent, og «Korridor nord» er ikkje teken med.

Blant dei som sende innspel i mot dette trasévalet var SABIMA, Naturvernforbundet, Nordisk Kulturlandskapsforbund og Kulturlandskapssenteret;

Nytt «Utvald kulturlandskap» i Telemark i 2017?

I 2009 vart 22 område i Noreg valt ut (minst eitt frå kvart fylke). I Telemark fall valet på Jomfruland-Stråholmen, ein særs verdig kandidat. Hjartdal-Svartdal var også med i «kampen», men fall den gong ut av omsyn til streng prioritering. No er det opna for å arbeide vidare med denne kandidaten, med sikte på å koma med blant dei 10 nye utvalde kulturlandskapa (UKL) i Noreg i 2017. Fylkesmannen og kommunane har starta opp arbeidet med ei lokal forankring.

Dersom de vil lese meir om UKL, kan de finne mykje informasjon her:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap

Folkemøte om opplevingsveg rundt Mælefjell

Torsdag 27. april inviterer «Prosjekt Opplevingsvegen» til folkemøte på Bergtun i Hjartdal. Det skal leggast til rette for ein turistveg/opplevingsveg utanom Mælefjelltunellen. Hjartdal og Seljord kommune står bak prosjektet, og ynskjer å aktivisere dei tre bygdene i arbeidet. Denne torsdagen skal Hjartdal stå i fokus.

Stikkord: Sykkelruter, knutepunkt ved Hjartdal kyrkje, infotiltak ved Bygdesentralen og symbol/skulptur i Ambjørndalen. Dei ulike tiltaka er nærare skildra i vedlagt prioriteringsliste, utarbeida av arkitektfirmaet Feste.

NB: Lag og foreiningar kan tene inn gode midlar på å vera med på tilretteleggingstiltak.

Bergtun, torsdag 27. april kl. 18.00-20.00

Vedlegg:

«