Oppføringer av Ingvill Garnås

Kulturlandskap-motorveg 1-0

Mange tunge miljøorganisasjonar engasjerte seg i konseptvalutgreiinga (KVU) for ny E134. Kulturlandskapet er spart i komande nasjonale transportplan (NTP). Eitt av framlegga i KVUen for ny E134 Gvammen-Vågslid var firefelts motorveg i ein ny «korridor nord» gjennom Hjartdal bygd og vestover Åmotsdal, Øyfjell og Våmartveit til Grungebru. Heile KVUen kan ein laste ned frå Statens […]

Nytt «Utvald kulturlandskap» i Telemark i 2017?

I 2009 vart 22 område i Noreg valt ut (minst eitt frå kvart fylke). I Telemark fall valet på Jomfruland-Stråholmen, ein særs verdig kandidat. Hjartdal-Svartdal var også med i «kampen», men fall den gong ut av omsyn til streng prioritering. No er det opna for å arbeide vidare med denne kandidaten, med sikte på å […]

Folkemøte om opplevingsveg rundt Mælefjell

Torsdag 27. april inviterer «Prosjekt Opplevingsvegen» til folkemøte på Bergtun i Hjartdal. Det skal leggast til rette for ein turistveg/opplevingsveg utanom Mælefjelltunellen. Hjartdal og Seljord kommune står bak prosjektet, og ynskjer å aktivisere dei tre bygdene i arbeidet. Denne torsdagen skal Hjartdal stå i fokus. Stikkord: Sykkelruter, knutepunkt ved Hjartdal kyrkje, infotiltak ved Bygdesentralen og […]